lørdag, mai 03, 2014

Fure rundt


Fure rundt er ein fin tur når du har lyst på ein tur, men ikkje er heilt klar for skog og fjell. Halve turen går på gamlevegen, slik at ein får både grusveg og som oftast kan ein gå midt i vegen. Det er ikkje så mykje biltrafikk her, og bilistane tar det stort sett roleg. Kan vere dei er vant med folk som til stadigheit virrar litt rundt:) Siste halvdel av turen går ein på asfalt.




Etter ei stund kjem du til ei bru, og her er det fint med eit stopp. Til tider er det ganske mykje strøm under brua, og då er det fint å bruke tida til å sjå om ein ser fisk som flyt med strømmen.



Ein passerer også nokre fine fjærer. I "holmane" kan ein feire jonsokk om sommaren, og gå på skøyter om vinteren. Det er jo sjølvsagt avhengig av ein kald vinter :)

2 kommentarer:

HansHB sa...

Flott og vårlig bildeserie med vakkert lys!

Min nye B&W Blog finner du her:
http://hanshb.wordpress.com/

og:

http://hanshb.wordpress.com/2014/

alle innleggene.

Sarah Elisa sa...

I really liked this part of the article, with a nice and interesting topics have helped a lot of people who do not challenge things people should know.. You need more publicize this so many people who know about it are rare for people to know this... Success for you !!!