torsdag, oktober 11, 2012

Kveldsstemning



Kveldsstemning ved fjorden. Og det hadde vore enno vakrare utan kraftlinjene..:)

You just have to enjoy a beautiful evening at the bay. And it had been even more beautiful without the power lines  ... :)

tirsdag, oktober 09, 2012

Månelandskap



Dette fantastiske landskapet kan ein finne på Hardangervidda. Av og til føles det litt uvirkeleg for ein vestlending å kunne gå på slike vidder. Tenk å kunne gå rett fram time etter time!!! Det kallar eg luksus, og nesten litt surrealistisk....Er nesten så ein begynner å lure på om eg hadde havna på månen :)

This wonderful landscape can you find on Hardangervidda. Sometimes it feels a bit unreal for us from Vestlandet to be able to walk for hours straight ahead!!! That's what I call luxury, and almost surreal.... It's almost as I started to wonder if I had landed on the moon :)

søndag, oktober 07, 2012

Tåke



Verden kan av og til vere litt grå, men samtidig veldig fasinerande...

lørdag, oktober 06, 2012

KaNo:)



Dette er ein fantastisk måte å komme seg ein tur på fjorden. Anbefalar å sitte forholdsvis roleg, elles kan det bli eit uventa bad:) Har testa det ut og det er faktisk ganske kaldt å bade i april:)

torsdag, oktober 04, 2012

Fredensborg


Turen til Fredensborg er ein tur som ein kan bruke både kort og lang tid på:) Det er ein tur som er lett å gå, sidan det er god sti det meste av turen. Men det er mange flotte fotomotiv, så det kan ta si tid av den grunn....:) 



Det er eit gammalt område, og ein kjem til stadig over staslege tre som det er umuleg å halde rundt, og som det er vanskeleg å klatre i. Men veldig flotte å sitte under og berre finne roen....
  


På Fredensborg ligg eit idyllisk vatn. Her er det laga til ein fin benk benk der ein kan ta ein velfortent pause og nyte utsikta. Det er laga fin sti rundt heile vatnet, slik at turen kan leggast opp som ein rundtur.



Og sjølvsagt møtte eg nokon av dei lokale:)

onsdag, oktober 03, 2012

Kvitveis


Eit lite tilbakeblikk til vårblomstene. Blir litt tilbakeblikk i fotoarkivet for tida. Er litt vanskeleg å komme seg på fjelltur med krykker...men gjett om eg koser meg med fine naturbilder på blogger! Ladar opp til eg er klar til tur:)

tirsdag, oktober 02, 2012

Ein hyggeleg kar:)


Denne blide kompisen møtte eg når eg tok ein rusletur rundt på Tjuvholmen i Oslo. Der stod han så blid og hyggeleg ved sida av Astrup Fearnley museet. Museet var ikkje opna, men det gjorde ingenting sidan vi heller tok ein liten prat med denne hyggelege karen:)