søndag, januar 31, 2010

Av og til..../ Sometimes....

når det snøar som verst og vegane ikkje er brøyta. Bilen min rekk ikkje ein gong ned i hjulspora, og eg har min eigen private rattkjelke....riktignok ein veldig dyr rattkjelke. Og eg oppdagar at eg kan ord, som eg ikkje visste eg kunne, ord som mor mi absolutt ikkje ville blitt stolt over..og som er gløymt igjen når vegane blir "normale" igjen.  Det er i desse stunder eg ønsker meg ein annan bil....  

when it's really snowing and roads are difficult to drive. My car can't even reach down in the wheel tracks because of all the snow, and I have my own private toboggan.... albeit a very expensive toboggan. And I realize that I have words in my vocabulary, which I didn't know I could, words that my mother certainly would not have been proud off .. words which are forgotten when the roads are back to”normal" again. It's in these moments I wish I had a different car ....



Dette må jo berre vere drømmebilen!!! Kan ikkje tenke meg at den lar seg stoppe av dårleg brøyta vegar , slaps i metervis eller dårleg strødde vegar:-)

This must be the car in my dream! This car will not be stopped of the snowy roads, tons of slush or bad strewed roads :-)
 


Og til reserve kan eg tenke meg denne:-) Den kan jo berre grave seg fram, og vil komme seg fram over alt. Riktignok går den ikkje så fort og eg er litt skeptisk til om vegstandaren rundt om her taklar denne doningen min, men fram kjem eg, hurra:-)

And as a spare car I think of this :-) It will get ahead everywhere and if there are problems it could just dig through. It's true it's not the fastest vehicle and I'm a little bit sceptical about the roads around here will deal with my big and new vehicle, but I can drive everywhere I want, hurray :-)

lørdag, januar 30, 2010

Har du sett.... / Have you seen....

nokre så skjønne og sjarmerande kvalpar?
so beautiful and charming puppies?








Og det vart ingen hund på meg denne gongen. Kvalpane var veldig søte og eg var ganske nær:-) Men til sjuande og sist så har eg lyst på ein litt større hund. Sjølv om eg har begynt å få veldig sansen for dachs.

I didn't get a dog this time, but I was pretty close, since the puppies were very sweet:-) But I actually want a bigger dog, although I have begun to get very charmed of the dachs dogs.

Kreativ Blogger-award frå Eli Kristin


Tusen takk for denne awarden som eg har fått frå Skorpionen's hjørne. Eg set stor pris på den. Vart veldig overraska også, men veldig glad. Kjekt at nokon synest eg er kreativ:-) Så spørs det om eg finn ut 7 interessante ting å skrive om meg sjølv *ler*

Disse reglene gjelder for denne awarden:

1. Kopier awarden til bloggen din.
2. Link til den personen som ga deg awarden.
3. Fortell 7 interessante fakta om deg selv.
4. Velg 7 andre bloggere som du vil sende awarden til.
5. Link til deres blogger.
6. Legg igjen en kommentar i bloggen deres,slik at de får vite om denne awarden.
  
Mine 7 fakta om meg sjølv:
1. Er veldig glad i å lese bøker, eg les alt, men krim er favoritt. Sidan tida av og til ikkje strekk til har eg funne ut at lydbøker og digibøker er ein genial oppfinnelse:-)
2. Fotointeressa mi har blitt større med åra, frå å omtrent ikkje ta bilder, kan eg no nesten ikkje gå ut av døra utan kamera. Eg er den som stopper bilen i vegkanten fordi eg ser eit flott motiv. Det treng absolutt ikkje vere utkjørsel der:-)
3. Eg er glad i naturen, og går tur så ofte som eg kan.
4. Eg pleier å få større fisk (og meir fisk) enn gutta når vi er på fisketur:-)
5. Eg berre må på sjøen om sommaren! Ingen sommar utan sjø, båt, bading og øyhopping:-)
6. Må ha fisk helst tre gongar i veka til middag, elles får eg litt abstinensar:-)
7. Likar å sjå film, fimmaraton er ein fin ting. Ein må sjølvsagt ha med nødvendig tilbehør *ler*

 
Er jo mange som fortener ein slik award, eg les jo mange herlege bloggar kvar dag. Men eg har valt å gi denne awarden til:

onsdag, januar 27, 2010

søndag, januar 10, 2010

Ser du mannen i månen?? Do you see the man in the moon??



Aldri har vel avstanden til månen vore mindre? Det ser i allefall ut som det er berre å ta eit steg opp...:-)
Eg ønsker alle ein riktig god vekestart! Eg tar ein liten pause frå bloggen nokre dagar. Eg skal på besøk til nokre skjønne kvalpar:-) Men eg har fortsatt ikkje heilt bestemt om det blir kvalp på meg, men besøke alle dei nydelege små kvalpane, det kan eg jo gjere. Kanskje eg blir tilstrekkeleg sjarmert..? *ler*

Never has the distance to the moon been smaller? It looks it's only to take a step up ...:-)
I wish you all a very good start of the week! I take a little break from the blog a few days. I'm going to visit some beautiful puppies :-) But I still haven't quite decided whether I will have a puppy or not, but I can visit all the wonderful puppies. Maybe I will be charmed enough..? * laughs *

lørdag, januar 09, 2010

Kaldt og fint. Cold and nice.



I desse flotte, men kalde, vinterdagane får vi så flotte bilder:-) Men eg synest det blir litt for kaldt når det blir mellom 20-25 minusgrader, så då pakkar eg kofferten og reiser ut til kysten. Her er det berre 8-10 minus:-)

In these beautiful, but cold, winter days, are we able to take great pictures :-) But I think it's a bit too cold when it is between 20-25 degrees below zero, so when it gets that cold, I packages the suitcase and travels to the coast. Here it's only 8-10 degrees below zero :-)

fredag, januar 08, 2010

Bench of the Week 11



Det er ikkje så lett å vere benk i desse dagar med all denne snøen. På denne utkjørselen står det to benkar som turistane kan nyte om sommaren. Er dessutan ein flott mål for turen for dei som bur i området. Men no når det er så kaldt er det nok ikkje så mange som set seg ned for å slappe av, ete nistematen og å nyte utsikta på denne benken.

It is not easy to be bench in these days with all this snow. On this place stand two benches which tourists can enjoy in the summer. It's besides a great goal for the trip for the local inhabitant. But these days it's so cold that no one are sitting down on the benches to relax, eat their lunch and enjoy the view.



Det er heller ikkje så lett å komme seg bort til benkane.
It can be a challenge to reach the benches.

 



Men utsikta er like fin, både sommar som vinter:-)
But the view is fabulous, both summer and winter :-)

onsdag, januar 06, 2010

Skal....skal ikkje....skal....skal ikkje... / Should.....shouldn't....should.....shouldn't....



Ei riktig så go'jente dette her. Ho lurer nok på kva fotografen styrer på med. Fotografen tenker og grubler masse for tida. Det store og viktige spørsmålet er: skal eller skal ikkje få ha meg ein kvalp etter denne skjønne damen her. I så tilfelle blir eg den stolte eigar av ein guttekvalp om ei veke eller to. Men eg må nok gå nokre turar til og gruble litt til:-)

This is a properly cutie girl. She is probably wondering what the photographer are doing. The photographer on the other hand is thinking a lot these days. And the "big issue" is: should or shouldn't I get a puppy from this lovely lady here? If I decide to get a puppy I will be the proud owner of a puppy boy in a week or two. But I think I have to go on some more hiking and think some more :-)

tirsdag, januar 05, 2010

Cat and friend:-)



Viktig å ha med seg vennar på tur, det har denne cat'en skjønt:-) Men fotografen, ho har gjort ein generaltabbe på dette bildet...men blogga det no likevel for det var no ganske fint bortsett frå tabben:-)

Important to have friends you can share a good hiking and this cat has understood that :-) But the photographer, she has made a general mistake on this photo ... but she blogs it anyway because the photo was ok, if you look away from the mistake :-)

mandag, januar 04, 2010

Stille.... Quiet ....



Tenk at på sommaren er her eit yrande båtliv. Det kan vere opptil eit titals  båtar som køyrer denne leia kvar dag. No er det nesten ingen. Alt er så stille og vakkert.

It's amazing to think about that in summertime here is a lively boating. There can be up to a dozen boats that drove this route every day. Now, it's almost none. Everything in the landscape is so quiet and beautiful.

søndag, januar 03, 2010